Verd å vite om Gaular

Gaular kommune dekkjer 579 km² i Sunnfjord i Sogn og Fjordane, og har i underkant av 3 000 innbyggjarar.

Kommunen grensar til Askvoll kommune nord for Dalsfjorden, mot Førde kommune frå Solheimsdalen i vest til Haukedalsvatnet i aust, mot Balestrand kommune på Gaularfjellet, mot Høyanger kommune frå Gaularfjellet til vest for Ytredalen ved Vadheim, derfrå mot Fjaler kommune til Bjørvikstranda ved Dalsfjorden, og nord for Dalsfjorden mot Askvoll kommune – vest for den kjende Laukelandsfossen.

(Foto: C.H. Visitnorway.com)

Førde lufthamn Bringeland i Gaular. (Foto: Arild Finne Nybø, mediebruket.no)

Samferdsle og arbeidsplassar

Kommunesenteret er Sande er sentralt plassert på Vestlandet og i Sogn og Fjordane.

Frå Sande går det vegar i alle fire himmelretningar: sørover mot Bergen sydover, nordover mot fylkessenteret Førde, Ålesund og Trondheim, vestover mot kystkommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad og austover mot Høyanger og Balestrand. Europaveg 39 som går fordi Sande, vert kraftig oppgradert i desse dagar, og kortar køyretida både sørover til Sognefjorden og nordover mot Førde.

Kortbaneflyplassen Førde lufthamn Bringeland ligg også innanfor kommunegrensene, med 5 daglege avgangar til og frå Oslo med flytur på under èin time, og 2 turar til Bergen. På Bringeland litt også hovudbasen til det helikopterselskapet i Norge som har størst innanlandstrafikk, nemleg Airlift.

Kultur og fritid

Gaular kan by på eit variert kulturliv og fritidstilbod med idrettslag, historiske skodespel, revy, opera (!), eit aktivt folkemusikkmiljø, jakt- og fiske, og  andre aktivitetar.

Motbakkeløpet Storehesten Opp dreg kring tusen deltakarar årleg. På den andre sida av kommunen er Fossestien, ein 21 kilometer lang tilrettelagt sti forbi 14 fossar og 7 vatn. For dei som vil prøve fiskelukka er elva Gaula open for laksefiske frå juni til september.

Den kulturinstitusjonen som har vekt mest merksemd siste åra, er Åmot Operagard. Garden ligg i vakker vestlandsnatur. Den verdskjende operasongaren Kiri Te Kanawa er blant dei som har stått på den unike gardsscena, der lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar tilbyr kulturopplevingar i særklasse. Utsøkt sunnfjordmat laga av lokale råvarer, og overnatting i det restaurerte våningshuset anno 1890, gjev operagardbesøket ein ekstra dimensjon.

Av andre større tilskipingar er Gaularspelet «Kjærleikssaum». Det historiske spelet er basert på historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874. Desse hendingane var viktige ikkje berre i høve til maktkampen kring samlinga av Norge men i endå større grad busettinga på Island.

Om våren er det tradisjon for av Bygstad ungdomslag set opp Bygstadrevyen, som er ein klassisk lokalrevy med sketsjar, song og musikk. I  juni har det vore arrangert dansefestival på Sande arrangert, og utpå hausten opnar Gaularmarknaden.

Men også i nabokommunane er det mange kultur- og idrettshendingar i løpet av året, og mange hundre lag og foreiningar innanfor alle interesseområde. Største enkeltarrangementet er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i juli, eller Førdefestivalen, med kring 100 arrangement og 300 artistar frå 20-25 land. Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. I Førde har også  Sogn og Fjordane Teater hovudsete, med sine mange årlege oppsetjingar og besøk frå andre teatergrupper. Teateret held til i i Førdehuset, der det også er bibliotek, to kinosalar, idrettshall, symjehall m.m.

Frå «Mimi goes glamping» på Åmot Operagard. (Foto: Magnus Skrede)

Dans på vikingmarknad på historiske Osen gard i Gaular. (Foto: Arild Finne Nybø, mediebruket.no)

Utsyn mot Bygstad frå Osen gard inst i Dalsfjorden. Foto: Anders Fongen, CC2.0 flickr.com

Historie

Historisk er Gaular mellom anna kjend for dei mange tønnemakarane som lagde tønner til det store vårsildfisket på kysten av Sunnfjord på 1800-talet. Frå bygda Viksdalen kjem Viksdalsmåling, som har blitt eit kjent omgrep i norsk husflid.

På Osen gard ved utløpet av Gaula er det gjort sjeldne funn etter ein gard frå bronsealderen, og seinare reknar ein med at Atle jarl, som rådde over Firdafylket, heldt til der. Firdafylket var det som utgjer dagens Sunnfjord og Nordfjord. Fostersonen til Atle jarl, Ingolfr Arnarson, var den første som slo seg ned og starta landbruk på Island. Osen gard er tusenårsstaden i Gaular kommune.

Laksefisket i den store hølen under Osfossen ved Osen gard er blant dei mest verdfulle i landet, og er ein av dei som dei engelske såkalla «lakselordane» tok i bruk då dei starta sportsfiske i Norge midt på 1800-talet.

Blant kulturminna er også Hestad kapell vel verd eit besøk. Hestad er er ein av dei eldste kyrkjestadane i Sogn og Fjordane.

Natur

Det kuperte landskapet i Gaular er kjenneteikna av fossefall, innsjøar, elvar og ville stryk. Bygdene og gardane har funne sin naturlege plass i det kuperte landskapet.

Kommunen er prega av av det verna sju mil lange Gaularvassdraget. Der finn vi den kjende lakseelva Gaula, som er utbygd med laksetrapper. Det er elva som har gjeve namn til kommunen.

Blant dei mest kjende fossefalla, som kan nåast og betraktast, er Likholefossen, Eikjelandsfossen, Osfossen, Vallestadfossen og Laukelandsfossen.

Sogn og Fjordane er trass i sitt relativt låge innbyggjartal det fylket i Norge der det blir felt mest hjort. Også i Gaular er det mykje hjort, og om hausten legg fleire hundre hjortejegrar rifla på skuldra for å delta i hjortejakta i kommunen. I fjella er det også ei villreinstamme.

Fjellet Kvamshesten (1 209 m.o.h.), også kalla Storehesten, er ein av dei mest særmerkte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane, og eit populært turmål. Kvart år vert løpet Storehesten Opp arrangert her, med kring 1 000 deltakarar.

Utsyn mot Storehesten frå Bringeland. (Foto: Arild Finne Nybø, mediebruket.no)

Kontakt ambassadørane på Tilflyttarportalen

Korleis er det eigentleg å bu i Gaular? Kvar er det best å bu? Fire av innbyggjarane i Gaular er frivillige ambassadørar på Tilflyttarportalen. Dei svarar med glede på spørsmål du måtte ha, eller hjelper deg vidare til dei som har det beste svaret.