14 000 arbeidsplassar i pendleavstand

1
2
3
4
5
6
1

Steia bustadfelt og Steia Vest

Opparbeidd med byggeklare tomter i 1985. Ligg sentralt ved Sande sentrum med kort veg til skule, barnehage, butikk, post og bank. Kort veg til friområde. Solrikt, roleg og barnevenleg. Tomtestorleik omlag 900 m2. Les meir under menypunktet «Bustad».

2

Bygstadhaugane bustadfelt

Her har Gaular kommune ferdig opparbeidd 29 tomter for einebustad og 3 områder for tettare utbygging. Les meir under menypunktet «Bustad».

3

Espeland bustadfelt

Er under planlegging. Les meir under menypunktet «Bustad».

4

Hellebustneset bustadfelt

Opparbeidd med byggeklare tomter i 1986. Ligg ved Viksdalsvatnet, nær barnehage, butikk og post. Ca. 1 km til Viksdalen skule. 15 tomter på om lag 1000 m2. Les meir under menypunktet «Bustad».

5

Øvre Steia bustadfelt

Tidlegare kalla Storehaugen. Er under opparbeiding, og har alt nokre byggjeklare tomter. Les meir under menypunktet «Bustad».

6

Longeneset bustadfelt

Longeneset er eit stort nes som går ut i Hestadfjorden. Her vert det tilbydd 4-6 bustadtomter alt etter kva storleik kjøpar ønskjer, og 27 hyttetomter. Les meir under menypunktet «Bustad».

Når du buset deg i Gaular når du eit stort arbeidsområde innanfor mindre enn ein time køyring. I kommunen er det kring 440 bedrifter, og var berre 1 prosent arbeidsløyse pr. januar 2016, noko som gjer at bedriftene er på stadig jakt etter arbeidskraft. Av større arbeidsplassar i Gaular kommune er Maritime Montering på Bjørvikstranda, Nistad Transport og Avinor og Airlift på Bringeland.

Mange bur i Gaular og arbeider i nabokommunane. Innan 45 minuttar køyreavstand frå kommunesenteret Sande, er det 14 000 arbeidsplassar. E39 sørover mot Høyanger og Sognefjorden, og nordover til Førde, vert i desse dagar kraftig oppgradert og vil redusere køyretida ytterlegare.

20 minutt køyretur frå Sande ligg Førde, som er største byen i Sogn og Fjordane. Førde har nær 10 000 private og offentlege arbeidsplassar, og over 1 500 bedrifter.

Største arbeidsplassen i fylket, Førde sentralsjukehus i Helse Førde, held til der. Det gjer også Lotteri- og stiftelsestilsynet med sine mange kompetansearbeidsplassar, Høgskulen i Sogn og Fjordane med avdeling for helsefag og institutt for ingeniør- og teknologifag og mange andre skular. Og der er eit stort tal private verksemder innan service og industri, og mange fylkesdekkande aktørar har hovudkontor i Førde. Blant dei større industriverksemdene er Hellenes, det er ei rekkje store entreprenørar i kommunen, t.d. Åsen & Øvrelid, media med avisa Firda og NRK Sogn og Fjordane, mange bilforretningar og verkstader, serverings- og overnattingsstadar. Blant bank- og finansnæringa er Sparebanken Sogn og Fjordane ein stor arbeidsplass, og ikkje minst er der fleire kjøpesenter og eit stort tal butikkar og servicebedrifter.

I andre retningar er det også ei rekkje større arbeidsplassar, til dømes på skipsverftet til Havyard i Leirvik i Hyllestad, i industrien i Høyanger ved til dømes Hydro Høyanger Metallverk, olje- og skipsindustrien i Florø der dei fleste er lokalisert på Fjord Base, IT-miljøet hos Enoro i Dale og gruvedrifta som Nordic Mining er i ferd med å etablere i Vevring Naustdal.

SJÅ OGSÅ

NRK Sogn og Fjordane 11. mars 2016:
Bygdene Sande og Bygstad i Gaular veks raskare enn Oslo
Jobbar i Førde, men vel heller å køyre 25 minutt kvar veg til jobb.

KONTAKT AMBASSADØRANE

Korleis er det eigentleg å bu i Gaular? Kvar er det best å bu? Fire av innbyggjarane i Gaular er frivillige ambassadørar på Tilflyttarportalen. Dei svarar med glede på spørsmål du måtte ha, eller hjelper deg vidare til dei som har det beste svaret.

Tabellen nedanfor viser avstandar frå kommunesenteret Sande i Gaular til sentrum i nabokommunane, og talet på arbeidsplassar der pr. 2014. I Naustdal er det forventa 170 nye arbeidsplassar når planlagt gruvedrift er etablert. Kjelder: Google Maps og SSB, 2014.
Frå Sande til:Køyretid:Tal arbeidsplassar i kommunen:
Gaular0 minutt 1 009 arbeidsplassar
Førde20 minuttar 9 436 arbeidsplassar
Fjaler30 minuttar 1 260 arbeidsplassar
Naustdal35 minuttar (ca. 25-30 minuttar når nye E39 opnar) 659 arbeidsplassar
Høyanger40 minuttar (ca. 30 minuttar når nye E39 opnar)1 695 arbeidsplassar
Askvoll45 minuttar 1 060 arbeidsplassar
Hyllestad50 minuttar 762 arbeidsplassar
Jølster 1 time (ca. 50 minutt når nye E39 opnar)1 009 arbeidsplassar
Flora 1 time og 10 minuttar (ca. 1 time når nye E39 opnar) 6 001 arbeidsplassar
Balestrand 1 time og 15 minuttar (ca. 1 time når nye E39 opnar) 571 arbeidplassar
Gloppen 1 time og 30 minuttar (ca. 1 time og 20 minutt når nye E39 opnar) 2 833 arbeidplassar