Kart over Steia bustadfelt

Steia bustadfelt

6973 Sande i Gaular

Steia bustadfelt vart opparbeidd med byggeklare tomter i 1985.

Bustadfeltet ligg sentralt ved Sande sentrum, med kort veg til skule, barnehage, butikk, post og bank.

Det er også kort veg til friområde.

Feltet er solrikt, roleg og barnevenleg.

Tomtestorleiken er omlag 900 m2.

Sjå kart over bustadfelta i Gaular kommune.

Ledige tomter, avgifter og refusjonar ved kjøp:

Ledige tomter:Tomterefusjon:
Tomt nr.: 15, 19, 62*, 67, 68, 69, 78, 79, 81, 93, 97*, 98, 105, 106, 107, 108.

(* Søkt på/førebels tildelt, ikkje avklara om den vert kjøpt.)

kr. 140 000
Grunnkjøp:
Ved kjøp frå kommune: kr 50 pr. m2
Ved kjøp frå Staten ca. kr 110 pr. m2
Kommunale avgifter og gebyr *:Pris:
ByggesakshandsamingCa. kr.10.000 mva.-fritt
Oppmåling inkl.tinglysing eigedomCa. kr.11.500 mva.-fritt
Tilknytningsavgift – Vatn (pr. bueining)kr 31 250 inkl. mva.
Tilknytningsavgift – Avløp (pr. bueining)kr 25 000 inkl. mva.

Forklaringar:

Tomterefusjon er kostnaden for framføring av veg, vatn og avløp til tomta. Eksakt pris for grunnkjøp, som varierer alt etter om tomta vert selt av kommunen eller staten, får du ved å kontakte kommunen.

* Årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing kjem i tillegg – sjå PDF: Prisliste kommunale tenester. Prislista er ikkje oppdatert for alle kommunale tenester. Kontakt kommunen for eksakte og oppdaterte prisar i samband med tomtekjøp. Eigedomsskatten er kr 6 000 for vanlege bustadhus av standard storleik.

Opplysningane og prisane på denne sida er rettleiande. Vi tek atterhald om endringar.