Hellebustneset bustadfelt

Adresse: 6978 Viksdalen

Bustadfeltet vart opparbeidd med byggeklare tomter i 1986.

Hellebustneset ligg ved Viksdalsvatnet, og sentralt i høve til barnehage, butikk og post.

Viksdalen skule ligg om lag 1 km frå bustadfeltet.

Det er regulert 15 tomter med tomtestorleik på om lag 1000 m².

7 av tomtene er tildelte.

Sjå kart over bustadfelta i Gaular kommune.

Karina vart gardsgründer på Viksdalen

Foto av Karina Hetle Solheim– Eg ønskte å prøve noko nytt, og komme unna bystresset. Eg kunne ikkje vore utan denne fantastiske naturen rundt meg.

Les meir om ambassadør Karina

Ledige tomter, avgifter og refusjonar ved kjøp:

Byggjeklare og ledige tomter:Tomterefusjon:
Tomt nr: 6, 9, 11*, 13, 14, 15.

(* Søkt på/førebels tildelt, ikkje avklara om den vert kjøpt.)

kr. 32 910
Pris grunnkjøp frå kommunen:
kr 6,50 pr. kvadratmeter
Kommunale avgifter og gebyr *:Pris:
ByggesakshandsamingCa. kr.10.000 mva.-fritt
Oppmåling inkl.tinglysing eigedomCa. kr.11.500 mva.-fritt
Tilknytningsavgift – Vatn (pr. bueining)kr 31 250 inkl. mva.
Tilknytningsavgift – Avløp (pr. bueining)kr 25 000 inkl. mva.

Forklaringar:

Tomterefusjon er kostnaden for framføring av veg, vatn og avløp til tomta.

* Årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing kjem i tillegg – sjå PDF: Prisliste kommunale tenester. Prislista er ikkje oppdatert for alle kommunale tenester. Kontakt kommunen for eksakte og oppdaterte prisar i samband med tomtekjøp. Eigedomsskatten er kr 6 000 for vanlege bustadhus av standard storleik.

Opplysningane og prisane på denne sida er rettleiande. Vi tek atterhald om endringar.