Bygstadhaugane nye bustadfelt

Adresse: 6977 Bygstad

I tilknytning til Bygstadhaugane bustadfelt har Gaular kommune ferdig opparbeidd 29 einebustadtomter og 3 områder for tettare utbygging. Nokre av desse er selde, medan nokre er det tildelt opsjon for (*).

I områda for tettare utbygging (BK1, BK2 og BK3) er det tillate oppføring av tomannsbustadar og hus i rekkjer. Dei 3 tomtene for tettare utnytting varierer mellom om lag 1 000 m² og 6 000 m². Einebustadtomtene varierer mellom om lag 700 m² og 1 400m².

Sjå kart over bustadfelta i Gaular kommune.

Trine Lise flytta og gjorde ein god deal

Tine Lise Sagmo– Bygstad er i grei pendleavstand til Førde, Sande og Dale og har rimelege tomter.

Les om ambassadør Trine Lise

Ledige tomter, avgifter og refusjonar ved kjøp:

Ledige og byggjeklare tomter:
Tomt nr. 35, 36*, 40*, 44*, 46*, 47 – 62, 63*, BK1*, BK2*, BK3*.

* Søkt på/førebels tildelt, ikkje avklara om den vert kjøpt.

Tomt nr.:Grunnkjøp frå kommunen (førebels pris)**:
35 – 36, 40 – 47, BK2, BK3kr 474 pr. kvadratmeter
51-, BK1kr 395 pr. kvadratmeter
Resten av feltetkr 435 pr. kvadratmeter
Kommunale avgifter og gebyr *:Pris:
ByggesakshandsamingCa. kr.10.000 mva.-fritt
Oppmåling inkl.tinglysing eigedomCa. kr.11.500 mva.-fritt
Tilknytningsavgift – Vatn (pr. bueining)kr 31 250 inkl. mva.
Tilknytningsavgift – Avløp (pr. bueining)kr 25 000 inkl. mva.

Forklaringar:

Tomterefusjon er kostnaden for framføring av veg, vatn og avløp til tomta.

* Årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing kjem i tillegg – sjå PDF: Prisliste kommunale tenester. Prislista er ikkje oppdatert for alle kommunale tenester. Kontakt kommunen for eksakte og oppdaterte prisar i samband med tomtekjøp. Eigedomsskatten er kr 6 000 for vanlege bustadhus av standard storleik.

** Gaular formannskap fastsette den 22.10.2013 prisane på tomtene, der grunnlaget er storleik på tomt (m2), kvalitet og kostnad med utbygging av bustadfeltet. Det er ikkje føreteke sluttoppgjer for utbygginga og tomteprisane er derfor ikkje endelege.

Opplysningane og prisane på denne sida er rettleiande. Vi tek atterhald om endringar.