Bygstadhaugane gamle bustadfelt

Adresse: 6977 Bygstad

Bustadfeltet vart opparbeidd med byggeklare tomter i 1977.

Frå feltet er det utsyn til fjord, og forholdsvis kort veg til Bygstad sentrum med butikk, post og bank.

Bygstad skule og Bygstad barnehage ligg omlag 1,5 km frå bustadfeltet.

På Bygstadhaugane er det regulert 34 tomter med tomtestorleik på om lag 1 000 m². 27 av tomtene er tildelte.

Sjå kart over bustadfelta i Gaular kommune.

Bilete av Hilde Tolo Mo.

Hilde Tolo Mo i Bygstad:

– Ein ting eg likar med Bygstad er at du ikkje er ”usynleg”. Du får ei kjensle av landsby: Du treff alltid kjentfolk på butikken.

Les meir om Hilde

Ledige tomter, avgifter og refusjonar ved kjøp:

Ledige og byggjeklare tomter:Tomterefusjon pris:
Tomt nr.: 3, 5, 17, 23, 24 kr 25 410
Grunnkjøp frå Gaular kommune:
kr 5 pr. kvadratmeter
Kommunale avgifter og gebyr *:Pris:
ByggesakshandsamingCa. kr.10.000 mva.-fritt
Oppmåling inkl.tinglysing eigedomCa. kr.11.500 mva.-fritt
Tilknytningsavgift – Vatn (pr. bueining)kr 31 250 inkl. mva.
Tilknytningsavgift – Avløp (pr. bueining)kr 25 000 inkl. mva.

Forklaringar:

Tomterefusjon er kostnaden for framføring av veg, vatn og avløp til tomta.

* Årlege avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing kjem i tillegg – sjå PDF: Prisliste kommunale tenester. Prislista er ikkje oppdatert for alle kommunale tenester. Kontakt kommunen for eksakte og oppdaterte prisar i samband med tomtekjøp. Eigedomsskatten er kr 6 000 for vanlege bustadhus av standard storleik.

Opplysningane og prisane på denne sida er rettleiande. Vi tek atterhald om endringar.