Bu i Gaular

Bustadprisane i Gaular er forholdvis låge samanlikna med til dømes Førde by. Kort reisetid gjer mellom kommunane gjer derfor at mange vel å busetje seg i Gaular og pendle til jobb i nabokommunane.

Nedanfor ser du dei største byggefelta i Gaular kommune med ledige tomter.

Her kan du skaffe deg tomt:

Hus, hytter, tomter på finn.no:

Kartet viser Gaular kommune si plassering i Sogn og Fjordane.

Sjå stort kart over plasseringa til bustadfelta (Google Maps – opnast i nytt vindauge)

Kontakt ambassadørane på Tilflyttarportalen

Korleis er det eigentleg å bu i Gaular? Kvar er det best å bu? Fire av innbyggjarane i Gaular er frivillige ambassadørar på Tilflyttarportalen. Dei svarar med glede på spørsmål du måtte ha, eller hjelper deg vidare til dei som har det beste svaret.

Illustrasjonsfoto ved ein av dei mange fossane i Gaular. (Foto: C.H. Visitnorway.com)

Artikkel frå NRK Sogn og Fjordane 11. mars 2016:

Bygdene Sande og Bygstad i Gaular veks raskare enn Oslo

– Vi budde i Oslo, men det vart for travelt for oss. Her tek det fem minutt å gå til butikken og skulen, og vi har full barnehagedekning.

Det seier Linda Merete Karlsen Sunde. Ho kjem opphavleg frå Førde, men saman med mannen har ho kjøpt ein gard på Sande i Gaular og byrja med sauehald. Sande og Bygstad er to av bygdene rundt Førde som no opplever ei solid auke i folketalet.

Sunde og mannen hennar jobbar i Førde begge to, men vel heller å køyre 25 minutt kvar veg til jobb, enn å bu der.

Les saka hos NRK Sogn og Fjordane