Flytta til Bygstad – gjorde ein god deal

Trine Lise Sagmo og familie på trappa foran familiegarden til mannen hennes, Grim Erik Gillestad

Juni 2016. Tekst og foto: Roy Sunde.

Trine Lise Sagmo (37) er økonom, og vand med å analysere og rekne pluss og minus. Og når ho er ferdig med reknestykket, er konklusjonen følgjande: Det var ein god deal å busetje seg i Bygstad.

Mellom det ikoniske fjellet Kvamshesten, betre kjent som Storehesten og Lisjehesten, og den idylliske Dalsfjorden, der lakseelva Gaula renn ut, lever Trine Lise Sagmo og familien det gode liv på bygda.

Eigentleg kjem ho frå Nord-Norge. Men då ho møtte gaulværingen Grim Erik Gillestad (38), sette ho samtidig i gang ei kjede med hendingar som førte henne til Bygstad. No er dei gifte, og Trine Lise nyt livet på garden i lag med Grim Erik og dei tre borna deira, til Othilie (7), Edvart (4) og Klara (2).

– Eg kjem frå Elsfjord, ei lita bygd ikkje langt frå Mosjøen. Eg møtte Grim Erik då vi studerte i Steinkjer. Eg var andreårsstudent og fadder for Grim Erik sitt årskull. Eg hugsar at eg lurte på kor Sunnfjord var etter presentasjonsrunden. Greidde ikkje å plassere det på kartet, seier ho.

– Å velje kvar i verda ein skal bu er alltid eit stort steg. Eg hadde knapt vore i Sogn og Fjordane, og kjente nesten ingen her. Det største minuset er at eg er 100 mil unna familien min. Ei direkterute frå Bringeland til Trondheim hadde vore kjekt, då hadde kanskje flyturen nordover kosta mindre enn ein sydenferie, smiler ho.
– Heldigvis har vi ungar som syns det er greitt med 15 timars bilturar, og så har eg spreke foreldre, som ofte kjem på besøk.

Ein god deal

– Eg flytta til Bygstad som nyutdanna økonom i 2005. Vi bur på heimplassen til Grim Erik, han er bonde og driv med mjølkeproduksjon i tillegg til å vere rådgjevar i Felleskjøpet. Då eg valde å busetje meg i lag med ein bonde, var bygda ein del av «pakken» og andre stader vart derfor ikkje vurdert. For meg har det vist seg å vere ein god deal, seier ho og smiler.

Arbeidsstaden til Trine Lise ligg i Førde.
– Eg har jobba i Førde heilt sidan eg flytta hit. Etter nokre år i revisjonsbransjen jobbar eg no i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen, og trivst godt med det. Det tar cirka 20 minutt å køyre og pendleavstanden er heilt uproblematisk. Av og til er det reine naturopplevinga å køyre over Langeland i morgonsol.

Mykje ungar

Om lag ein tredjepart av dei knappe 3000 innbyggarane i Gaular, bur ved og rundt den inste delen av Dalsfjorden, med tettstaden Bygstad som det naturlege senteret i den delen av kommunen.

– Eg har inntrykk av at vi er inne i ein vekstperiode.

– Eg er usikker på kor mange som bur akkurat i Bygstad, men det er ganske jamt fordel på aldersgrupper. Og eg har inntrykk av at vi er inne i ein vekstperiode. Det kjem stadig nye tilflyttarar, og dei siste to åra har det vore nødvendig med ei midlertidig avdeling i påvente av utbygging av barnehagen, seier ho.

– Det er om lag 70 ungar i barnehagen per i dag, og vi er godt nøgde med den. Dei er flinke til å bruke naturen, og har mellom anna ei grillhytte i skogen som ofte er turmål for ungane. I tillegg er det positivt at barnehagen ligg like ved skulen, slik at ungane får ein mjuk overgang frå barnehage til skule. Skulen har om lag 100 elevar frå 1. til 7. klasse.

småbarnsfamilien ved trampoline utenfor huset sitt

Trine Lise nyt livet på garden i lag med Grim Erik og dei tre borna deira, til Othilie (7), Edvart (4) og Klara (2). (Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no)

Rikeleg å halde på med

Trine Lise skildrar Bygstad som ei bygd med eit godt fritidstilbod.
– Ja, eg vil seie at det er ein god del ein kan halde på med på fritida. For min eigen del blir det ikkje tid til så mykje, sidan vi har tre små ungar, men eg prøver å komme meg ut i skogen når eg har høve til det. Og så spelar eg i Bygstad Brass. Vi tar gjerne imot fleire musikantar, reklamerer ho med eit smil. – Vi har trivelege øvingar og ein dyktig dirigent, og godt høve til å halde seg i form på sosialt vis.

– Og så spelar eg i Bygstad Brass. Vi tar gjerne imot fleire musikantar, reklamerer ho med eit smil.

– Det er spinning i Samfunnshuset, dame- og herretrim i gymsalen på skulen og «Kompistrening», der felles trening og turar blir avtalt via Facebook. Og så er det berre ein kort køyretur til det flotte skianlegget i Gaular; Langeland Ski- og fritidssenter ligg cirka 10 minutt unna. Til no har det ikkje vore så hyppig brukt, men eg ser føre meg å ta det meir og meir i bruk etter kvart som ungane blir større. Dei gongane vi har vore der har vi kosa oss veldig! Det er eit kjempeflott anlegg med løyper frå 2 til 20 kilometer. I tillegg er det mykje natur lett tilgjengeleg – frå toppturar på til dømes «nasjonalfjellet» vårt Storehesten, til skogsturar på veg eller sti. For ungane er det idrettskule frå 4 år og oppover. I tillegg kan dei vere med på fotball og barnedans frå 1. klasse og ski frå 2. klasse. Vi har òg buldrevegg på gamleskulen i Bygstad. Veggen er bygd opp på dugnad, og der både små og store kan klatre. Facebook-sida «Aktivitetar i Bygstad» gjev meir detaljert info om kva som rører seg her, seier ho.

Gode nabogrender

Småbarnsfamilien på gåtur i en sti i nærheten av Osen

Folkestien i Osen er også fin for barnefamiliar. (Foto: Privat)

– Folkestien i Osen er også fin for barnefamiliar.

Bygstad ligg nær både Sande, Dale og Førde. Og det er ikkje himla langt til Høyanger heller.
– Det er fort gjort å køyre til Sande, som nyleg fekk Gaularhallen, eller Førde for å delta på aktivitetar der. For oss tek det eit kvarters tid til Gaularhallen. Vi brukar den ikkje så mykje enno, men det trur eg nok det blir meir det av når ungane veks til. Sidan eg jobbar i Førde brukar vi Sande mest når vi skal til helsesøster, lege og tannlege. Om det er tid til det då, et vi gjerne lunsj på kafeen ”Mjølkerampen”, seier ho og skildrar helgene i Bygstad:

– Då prøver vi å komme oss ut om det er vêr til det, anten i lag med andre barnefamiliar, besteforeldra eller berre oss. Det kan til dømes vere ein tur rundt «gamlevegen», som eg trur høyrer til den Trondhjemske postvei. Det er ei fin runde som vi kan variere lengda på og der vi slepp å køyre bil først. Vi har òg køyrt så langt vegen går opp mot Storehesten og gått eit stykke etter stien som er laga til Storehesten Opp. Folkestien i Osen er også fin for barnefamiliar. Om det er dårleg vêr, hender det at vi tek ein tur til Høyangerbadet, det ligg ein liten times køyring unna. Då stoggar vi gjerne på Sande Kro og kjøper middag på heimvegen.

Det sosiale liv i Bygstad

Bygstad har mange faste treffstadar, og ikkje minst arrangement, der bygdefolket treffast.
– Det sosiale i bygda blir litt etter kva ein gjer det til, eller ønskjer sjølv. Sunnfjordingar er kanskje ikkje kjent for å vere dei mest utadvende, så ein må ta litt initiativ sjølv for å bli kjent med folk. Har ein ungar i barnehage eller skule, er det lett å komme i kontakt med andre, seier ho og ramsar opp nokre døme på sosiale treffstadar:

– Vi har Tønna – ein pub der det også er livemusikk innimellom. Dei serverer god mat, og grendefolket brukar staden til alt frå fest til minnesamvære. I juni vert motbakkeløpet Storehesten Opp arrangert, og på Åmot Operagard skjer det mykje heile året – konsertar, teater og god mat. Og så er vi så heldige at vi har ein dyktig revygjeng som lagar Bygstadrevyen. Det er eit høgdepunkt kvar vinter. Annakvart år blir Gaularspelet arrangert, og dette er eit stort arrangement der mykje folk frå heile kommunen er involvert, seier ho.

– Og så er vi så heldige at vi har ein dyktig revygjeng som lagar Bygstadrevyen. Det er eit høgdepunkt kvar vinter.

Flytt hit – no

Barn som nyter flott natur i Bygstad

 Flott natur i Bygstad. (Foto: Privat)

– Om nokon spør om råd fordi dei har lyst å på flytte til Bygstad, kva ville du sagt då?

– Gjer det! ler ho. – Bygstad er i grei pendleavstand til Førde, Sande og Dale og har rimelege tomter. Vi har mykje flott natur rett utanfor stovedøra og her er mange hyggjelege folk som blir glade for å få nye sambygdingar. Du kan engasjere deg så mykje eller lite du vil i eksisterande aktivitetar eller starte opp noko heilt nytt om du har lyst til det. Og så er det nær flyplassen på Bringeland, og du kan vere i Oslo sentrum to timar etter at du går ut av døra heime, slår ho fast, og fortel at dei har det meste rundt seg.

–Vi har mykje flott natur rett utanfor stovedøra og her er mange hyggjelege folk som blir glade for å få nye sambygdingar.

– Sjølvsagt kan ein alltid ønske seg fleire og meir «spennande» tilbod, både til liten og stor. Men vi er ei lita bygd og det trengs jo eit visst «kundegrunnlag» for å halde i gang tilboda. Men så er det døme på at folk har tatt initiativ sjølv og fått til spennande prosjekt – til dømes Andrea Terescenco sitt «Happy Feet»-prosjekt i vinter, med danseinstruktørar frå Spania som lærte små og store latindans. Men vi skulle gjerne hatt betre veg, avsluttar ho.