Flytta til Viksdalen – vart gardsgründer

Foto av gardsgründer Karina Hetle Solheim på Fosseheimen Naturpark i Viksdalen.

Juni 2016. Tekst og foto: Roy Sunde.

Karina Hetle Solheim (47) vaks opp nær Oslo, i Nittedal. Men naturen og grenda kalla til slutt så hardt på ho, at ho enda som bonde på Viksdalen. Og til slutt som gründer i Fosseheimen Naturpark. No kan ikkje ho førestille seg ein betre stad å bu.

Det er lett å skjønne når du svingar inn til huset deira. Fosseheimen Naturpark ligg på ei halvøy, krinsa av elver. Mellom desse elvene og dei snøkledde toppane som rammar inn dalen, har dei skapt eit rike der idyllen blir krydra av fugleliv, hundar, lammande sauar, motorsagutskorne skulpturar, badekulpar, sitteplassar, badestamp og jamvel ei badstove. Og ja, eit par lamaer.

– Eg vaks opp i Nittedal, som ligg så nær Oslo at eg kallar meg byjente. Det var i Oslo vi jobba, og det var Oslo vi brukte til på alt mogleg. Før eg flytta til Viksdalen, hadde eg aldri teke i ein sau smiler ho. – Eg dreiv med hundekøyring og hest, og var ikkje ukjent med dyr, men eg kunne absolutt ingenting om landbruk, seier ho.

– Årsaka til at eg flytta hit var at eg ønskte å prøve noko nytt, og komme unna bystresset. På den tida hadde eg to born, som då var 6 og 8 år. Så fekk eg brått høve til å ta over eit småbruk. Vi flytta hit sommaren 1998. Minstemann skulle byrje på skulen til hausten, og det var ein viktig del av avgjersla. Eldsteguten gjekk på ein skule med 340 elevar, store klassar og mange elevar som tok mykje plass.

– Årsaka til at eg flytta hit var at eg ønskte å prøve noko nytt, og komme unna bystresset.

Karina kjøpte garden, og byrja å jobbe i Helse Førde ved sidan av. – I starten hadde vi fem sauer på garden. Så bygde vi oss opp til femti, fortel ho. Dette kom i tillegg til hestane og hundane hennar. Eg såg høve til å bruke garden på andre måtar også. Vi starta med ”Inn på Tunet”. Det er tilrettelagde kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk, som skal bidra til å skape meistring, utvikling og trivsel for brukarane. Eg har sjølv helsefagleg bakgrunn, blant anna frå ambulansetenesta, der eg jobba utanom.

Vanskeleg å finne, lett å omsette

Etter kvart enda forholdet til han ho flytta til Viksdalen saman med. Men etter ei tid møtte ho ein viksdøling, og det enda med eit luksusproblem: Brått hadde dei tre gardsbruk.

– Eg møtte Ståle Hetle, og etterkvart gifta vi oss. Eg hadde min gard, og han hadde to. I tillegg jobba vi begge to utanom, han som mekanikar og eg i ambulansetenesta. Derfor selde eg garden til eit tysk legepar som jobbar Førde Sentralsjukehus, seier ho og fortel om eit paradoks:

– Då høvet til å kjøpe eit småbruk på Viksdalen dukka opp, vurderte eg ikkje andre stader. Når det vart tilgjengeleg, var det ikkje så mykje å tenke på heller. Det er ikkje så mange småbruk til sals. Det merka eg då eg skulle selje mitt: Eg selde det sjølv, fordi eg ville styre prosessen. Eg la den ut på ei side, og det melde seg 40 potensielle kjøparar på ein blunk. Etterspørselen etter småbruk er enorm. Sidan eg er litt eigen, og Viksdalen eit lite samfunn, ville eg at dei som kjøpte skulle bli ein ressurs for bygda. Eg tok meg tid og høve til å bli litt kjent med kandidatane. Det er fælt å seie det, men eg luka vekk ein del folk. Det tek tid å bu seg inn i ei grend og ein gard, så eg valde vekk dei som hadde eit for romantisk forhold til dette. Dei som trudde at sau var eit kosedyr, ler ho.

Mellom desse elvene og dei snøkledde toppane som rammer inn dalen, har dei skapte ei rike der idyllen blir krydra av fugleliv, hundar, lammande sauar, motorsagutskorne skulpturar, badekulpar, sitteplassar, badestamp og jamvel ei badstove. Og ja, eit par lamaer. (Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no)

Mellom desse elvene og dei snøkledde toppane som rammer inn dalen, har dei skapte ei rike der idyllen blir krydra av fugleliv, hundar, lammande sauar, motorsagutskorne skulpturar, badekulpar, sitteplassar, badestamp og jamvel ei badstove. Og ja, eit par lamaer. (Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no)

Kunne ikkje tenkt seg å bu andre stader

Etter 18 år som viksdøl ser ho ikkje for seg noko alternativ.

– Viksdalen er ein veldig fin stad å bu, spesielt for meg som er så interessert i natur og friluftsliv. Eg kunne ikkje vore utan denne fantastiske naturen rundt meg, forklarar ho. – Om eg skulle budd i ein by, hadde eg visna. Oppedal – der vi bur – er ei flott grend. Både folket og miljøet her er veldig bra. I alt er det 10 gardar, her, og det er åtte kilometer til Viksdalen sentrum. Det er berre rett ned i vegen her for oss det, ler ho, og fortel at det er stort aldersspenn på innbyggarane.

Viksdalen er ein veldig fin stad å bu, spesielt for meg som er så interessert i natur og friluftsliv. Eg kunne ikkje vore utan denne fantastiske naturen rundt meg.

– I vårt hus er det spenn frå 13 til 47. Vi har tre ungar buande heime no. Naboane er yngre enn meg og Ståle. Til saman er det 11 skuleungar i Oppedal no, som alle går på Viksdalen skule. Vi har naboar som er over 80 også, så bygda er veldig delt aldersmessig. Men kva er ungt i dag? ler ho.

Du tru kanskje at det ikkje er sosialt å bu i ei lita grend i ein liten kommune. Du tek feil.

– Det er såpass mange aktivitetar her at du får ikkje tid til å vere med på alt. Det skjer noko organisert for born og unge kvar dag: Vi har idrettskule, fotball, volleyball, 4H, diverse musikkaktivitetar, og om vinteren er det skiaktivitetar i skileikeanlegget. Det skjer noko heile tida, så det er ikkje noko problem. Og dei fleste bur på gard, noko som involverer deg på eit eller anna vis. Det er ei sosial grend, som samlast til alt frå 17. mai-feiring og jonsok-fest, til basarar og liknande. Eg klarar ikkje å delta på alt, til det skjer det for mykje. Vi har ein veldig god butikk, som også er ein god møteplass. Ikkje minst skjer det mykje organisert for dei eldre på Viksdalen: Datakurs, dans, eldrekafe og så vidare. Det er aldri problem å bli kjent med folk. Viksdøler er nysgjerrige ogimøtekommande på nye folk, og lite skeptiske av seg.

Skulle bygge seg sakte opp…

I 2010 starta dei Fosseheimen naturpark. Ein besøksgard, med over 500 dyr fordelt på 17 artar, som legg til rette for opplevingar og aktivitet.

– Det eg likar best er å jobbe og utrette noko – og vere viktig for andre.

– Ideen om Fosseheimen naturpark oppsto i 2008. På den tida var eg sjukemeld, og hadde blant anna øydelagt ryggen min i ein oksebinge. Eg kom inn i NAV-systemet, og legen meinte eg aldri ville komme meg i arbeid igjen. Men så er eg veldig sta og eigen: Det eg likar best er å jobbe og utrette noko – og vere viktig for andre. Tankane byrja å spinne rundt dette med å skape noko rundt interessene mine: Jakt, fiske, dyr, friluftsliv og så vidare. Vi sette oss ned, la saman våre personlege ressursar, og dei vi hadde i form av garden, for å sjå på kva vi kunne få til. Planane vart lagt for det som skulle bli Fosseheimen naturpark. NAV spelte på lag, og gav meg høve til å ta eit år på BI. Eg har gått bedriftsøkonomisk linje på gymnaset også. Vi opna i 2010, og planen var å ta det sakte. Men det vart raskt fulltid – og vel så det. Faktisk måtte vi ta vekk nokre tilbod, til dømes open gard. No tek vi berre i mot grupper, frå blåturar til 4H, barnehagar og skuleklassar. I tillegg til at mange nyttar oss som utgangspunkt for trening av hundar, og andre aktiviteter. Pågangen vart stor, sjølv om eg aldri har brukt ei krone på marknadsføring. Alt skjer via sosiale medium. Men no har eg teke det roleg der også, eg torer ikkje marknadsføre det meir. Eg har berre eit par ledige dagar heilt fram til oktober, ler ho.

4 foto av Karina Hetle Solheim og Ståle Hetle aktive på sykkel og i kano i Viksdalen.

– Viksdalen er ein veldig fin stad å bu, spesielt for meg som er så interessert i natur og friluftsliv. Eg kunne ikkje vore utan denne fantastiske naturen rundt meg, forklarar ho.

Førde mitt Førde

Ein del menneske tenkjer på Viksdalen som eit stykke unna det meste. Karina er ikkje blant dei.

– Oppedal er langt opp mot Gaularfjellet, og likevel tek det ikkje meir enn 50 minuttar til Førde. Sommartid har vi også kort veg til Balestrand og Sogn, og cirka 40 minutt til flyplass. Du kjem deg raskt dit du skal herifrå også, smiler ho.

– Folk trur det er langt til Førde herifrå. Men for meg som var van med å sitte i kø ein time kvar veg til og frå Oslo, var det ein fryd å dagleg kunne køyre køfritt til Førde dei åra eg jobba der. Eg brukar tida eg køyrer til Førde på å nyte naturen eg, seier ho og held fram.

– Av alle gode grunnar til å flytte til Gaular, er Førde også ein av dei. Det er kort veg dit, og til tilboda der, inkludert jobbmarknaden.

Eg blir faktisk litt irriterer når folk før sa ”å ja, pendlar du til Førde, er ikkje det langt?”. Eg er i Førde nær dagleg, men for meg handlar det ikkje om pendling. Pendling er når du er vekke heile veka. Det omgrepet blir misbrukt her på Vestlandet. Du pendlar ikkje frå Nittedal til Oslo heller, men du står i kø. Og brukar mykje lenger tid på den turen enn kva eg brukar til Førde, seier ho, og fortel at ho er begeistra for byen i nabokommunen.

– Av alle gode grunnar til å flytte til Gaular, er Førde også ein av dei. Det er kort veg dit, og til tilboda der, inkludert jobbmarknaden. Eg er utruleg glad i Førde by, og stolt over å seie at eg bur rett utanfor den. Eg gler meg til vi eventuelt er i same kommune. Det er ein by som har utvikla seg veldig i løpet av mine 18 år her – der finn ein alt ein treng og meir til. Eg er der nesten dagleg framleis, blant anna fordi jenta mi er veldig oppteken av volleyball, så eg køyrer ho på trening fem dagar i veka.

Hiv deg rundt

Om nokon spør ho til råds om dei burde flytte til Viksdalen, så er det klokkeklart.

– Det er berre å hive seg rundt, no, ler ho. – Her bur du godt på landet, med butikk og skule i nærleiken. Er du eit bymenneske, så er det ikkje her du skal bu. Men likar du natur, friluftsliv og det å bu landleg, så ja! Og dei fleste likar jo å bu slik. Vi vil ikkje gå rett ut døra vår og stå på plattingen til naboen. Om det er det du ønskjer, er det heller ikkje her du skal bu, slår ho fast.

– Viksdalen er ein fin stad å bu for godt vaksne menneske, som vil bu landleg og realisere draumen sin. Og ikkje minst bør ein flytte hit om ein er ein småbarnsfamilie som ønskjer å bu landleg. Er du oppteken av at ungane dine skal få ein god skule, så kom hit. Vi har ein fantastisk skule – og ein topp barnehage. Viksdalen skule er enkelt og greitt den beste som finst! Det er heilt sant. Det er ikkje utan grunn at det kjem så mange flinke ungar herifrå, smiler ho.

– Er du oppteken av at ungane dine skal få ein god skule, så kom hit.

– Vi har alt vi treng: God butikk, skule og barnehage, og kort veg til arbeidsmarknaden og fritidstilbodet i Førde. Og byggeklare tomter i byggefelt i Vika, seier ho og kjem på eit argument til:

– Om du har ein draum om å bli gründer, er Gaular ein ypparleg kommune. Sunnfjord Næringsutvikling og Gaular næringsråd har eit kjempeflott apparat for støtte og rådgiving. Det er utruleg godt lagt til rette for at folk skal kunne vere grunderar her, og her er det betre høve til å lukkast enn til dømes i store byar. Og her er det veldig god tilgang på folk som kan hjelpe og gje råd. Det skjer mykje på grunderfronten, mange som ser moglegheiter, og dei er flinke til å samarbeide og dra lasset saman.

– Er det noko du skulle ønske var ”betre” på Viksdalen?

– Nei! Eg har ingenting eg skulle ønske var betre her. For meg er dei grunnleggande elementa eg treng på plass. Eg bur her fordi eg har lyst å drive med det eg driv med, og eg ville bu og jobbe frå heimen min. Og det får eg her.