Fann alt ho trong i Bygstad

Bilete av dei tre medlemene i familien på Sande.

Juni 2016. Tekst og foto: Roy Sunde.

Då Hilde Tolo Mo (32) frå Norheimsund fullførte tannlegeutdanninga i Bergen, lokka ei venninne henne til Sande. Det enda med at ho fann ein kar frå Bygstad.

Hilde bur med Ole Magnus Mo (31) på Osen gard i Bygstad, med sonen deira Ole Kristian (6 mnd). Og om det finst ein stad som kan kallast hjartet i Sunnfjord, er det kanskje Osen gard?

Den ligg flatt og fint til der Dalsfjorden ender. Like ved renn Gaula ut i fjorden. I ryggen har dei skog og fjell. Dalen bak strekk seg opp til Gaularfjellet. Her har folk budd i uminnelege tider. Dei har funne langhus på garden frå før 800 e.kr. Osen er tusenårsstaden til Gaular kommune. Og i det du stig inn i stova til Hilde og Ole Magnus, i huset dei bygde i 2014, er det lett å forstå valet om tak-til-golv og vegg-til-vegg vindauge i stova: mektig utsyn over fjordbotnen og fjella rundt Bygstad – eit maleri ingen kunstnar kan overgå.

Trudde ho var lenger nord

Det var i 2010 at Hilde kom til Gaular.

– Ei god venninne av meg jobba på tannklinikken på Sande. Ho ville ha meg som kollega, seier ho, og fortel at det var mange frå studiet som enda opp i Sogn og Fjordane.

– Det var det stor mangel på tannlegar i fylket. Tannhelsetenesta kom til Bergen for å rekruttere. Heile åtte frå mitt kull flytta til Sogn og Fjordane, fordelt på Gaular, Stryn, Leikanger, Førde, Gaupne og Florø. Eg vurderte ikkje andre stader, sidan det var så lett å komme hit. Og med ei venninne som jobba her, så det var eit lett val, seier ho og fortel at Gaular var ukjent for ho.

– Eg visste ingenting om Gaular før eg kom hit, men tenkte Sande likna det eg er vant til. Eit samfunn der folk kjenner kvarande. Eit av dei første inntrykka var at det var veldig mykje snø og kulde. Eg lurte litt på om eg hadde flytta lenger nord enn eg hadde, ler ho.

– Det var ein lang periode med minus 17 grader, og mykje snø. Nokre venninner skulle vitje meg, så eg sa: – Ta med ski.
Dei trudde ikkje på meg, det var ikkje snø heime. Heldigvis var ikkje det ein typisk vinter, smiler ho.

Ville overta garden

Dette kunne vore historia om Hilde frå Norheimsund som budde og jobba på Sande ei tid, før ho flytta nærare heimtraktene. Men slik skulle det ikkje gå.

– Året etter at eg flytta til Sande, møtte eg Ole Magnus. Og i 2012 gifte vi oss, seier ho og hentar resultatet: Ole Kristian, som nett vakna frå luren sin, smiler med den entusiasmen ein har når ein er fem månadar gammal.

– Det var aldri eit alternativ å flytte, sidan Ole Magnus ville ta over gardsdrifta. Om ikkje, hadde det kanskje vore eit alternativ vi kunne diskutert?

– Nja, svarar Ole Magnus. – Eg er veldig knytt til Bygstad og garden. Eg gav raskt beskjed då det byrja å bli alvor: Det er her eg skal bu. Dette er pakken. Eg var vekke eit år i militæret, og jobba eit år i Breivik, men var heime så ofte eg kunne. Eg gjekk eit år på skule i Florø, og var heime kvar helg. Tidlegare jobba eg på Yndestad mekaniske i Bygstad, men ved nyttår tok vi over garden, så no er eg bonde på heiltid, seier han og fortel kva som lokka han heim.

Om du treng hjelp er det berre å ta ein telefon, så stiller folk opp. Du får alltid den hjelpa du treng. Det er Bygstad i eit nøtteskal.

– Naturen, familien, garden og samhaldet i bygda. Om du treng hjelp er det berre å ta ein telefon, så stiller folk opp. Du får alltid den hjelpa du treng. Det er Bygstad i eit nøtteskal. Og eg hadde ein veldig fin oppvekst. Når eg kom heim var begge foreldra mine heime. No er vi fire generasjonar som bur her. Bestemor er 95, og så ned til Ole Kristian her, seier han og plukkar opp vesleguten. – Dette er ein god plass å bu.

– Eg ”valde” jo ikkje å busette meg på Osen gard. Men eg er veldig heldig, smiler ho. – Dette er den finaste staden ein kan ha ein heim. Bygstad er ein veldig kjekk stad å bu. Sjølv om det er ein liten plass, skjer det mykje. Vi har mange eldsjeler som bidreg. Som Olav Birkeland, som både driv butikk og utestaden Tønna. I fjor arrangerte han blant anna konsert med Vassendgutane. I Bygstad! Vi har eit levande revymiljø, og Bygstadrevyen er veldig bra. Den er den mange som er engasjert i. På samfunnshuset blir det arrangert loppemarknad og andre ting støtt og stadig, og på Tønna er det havets festbord kvar fredag heile sommaren. Og vi har Åmot Operagard, der det ofte blir arrangert konsertar og arrangement.

- Tidlegare jobba eg på Yndestad mekaniske i Bygstad, men ved nyttår tok vi over garden, så no er eg bonde på heiltid, seier Ole Magnus. (Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no)

– Tidlegare jobba eg på Yndestad mekaniske i Bygstad, men ved nyttår tok vi over garden, så no er eg bonde på heiltid, seier Ole Magnus. (Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no)

Opne, imøtekommande og ledige ungkarar

Sunnfjordingar har ry på seg som litt inneslutta. Det syns ikkje Hilde stemmer.

– Bygstadværingen er eit imøtekommande og ope menneske. Det er kanskje ikkje slik folk flest beskriv sunnfjordingen, men slik er det. Eg føler sjølv eg er bygstadværing no. Og stolt over det. Folk her er ikkje redde for å hjelpe kvarandre. Ein stiller opp for kvarandre. Karane i Bygstad er veldig knytt til bygda – arbeidsame og flinke! Og så er det slik her som mange andre slike stader: Det er fleire jenter som flyttar vekk, enn gutar. Så det er mykje ledige ungkarar her, reklamerer ho. – Og karane frå Bygstad er driftige, flinke folk.

– Bygstadværingen er eit imøtekommande og ope menneske. Det er kanskje ikkje slik folk flest beskriv sunnfjordingen, men slik er det.

– Det er fleire og fleire som flyttar heim no, og mange som er på vippen til det. Det blir stadig meir unge folk – og born – her, seier han.

– Kor mange ungar det blir fødd årleg varierer frå år til år. Eg er spent på kor mange, og kven, som får born i år, smiler Hilde. – Ole Kristian vart fødd 20. januar, så eg er i permisjon til nyttår. Kanskje litt lenger. Eg vil han skal bli eit år før han byrjar i barnehage, men vi må jo tilpasse det når dei har plass.

Barnehagen i Bygstad er veldig fleksibel. Så lenge dei har plass, ordnar det seg nok, seier Ole Magnus. – Dei skal snart til å bygge to nye avdelingar der. Det er ein god barnehage, i følgje dei som har borna sine der. Dei er veldig nøgde.

På fritida

– Kva gjer ein på fritida i Bygstad?

– Friluftslivet er veldig bra. Du går rett ut døra og til fjells. Og så dirigerer eg blandakor på fritida. Ole Magnus sit i traktoren då også, smiler ho.

– Vi brukar ofte helgane til å gå tur. Til dømes på folkestien, eller opp på fjellet. Det er litt avgrensa no for tida, men før Ole Kristian kom var vi på fjellet støtt, seier Ole Magnus.

Friluftslivet er veldig bra. Du går rett ut døra og til fjells.

–Vi har kompistrening. Det var ei som starta ei Facebook-gruppe. Når ho skal gå tur, legg ho det ut, og så er det berre å hive seg med. Det er alltid ulike folk med på turane, så det er ein fin måte å bli kjent med folk på. Eg var med fram til eg vart veldig gravid, ler ho.

– Kommunen har eit treningstilbod, ”Frisk og aktiv i Gaular”. Der deltok eg når eg jobba på Sande, vi trena rett etter arbeidstid. Vi har eit bra korps, der mange innflyttarar byrja og blir kjent med mange. Eg var også med i Showkoret Surround. Eit interkommunalt kor, starta av Andrea Terescenco, som bur i Bygstad. Der vart eg kjent med folk frå Jølster, Naustdal, Sande, Guddalen og Førde.

– For ”unge” er Tønna den store møteplassen. Der er det konsertar, arrangement, Havets Festbord og så vidare. Og vi har mange fellesarrangement gjennom året. Som motbakkeløpet Storehesten opp, i slutten av juni. Ei årviss hending mange er engasjert i. Det er ein stor happening i bygda, med mykje dugnad, og ein triveleg tradisjon.

– Og Gaularspelet: Det skjer annakvart/tredjekvart år, her i Osen. Det er ikkje vi som arrangerer det, men det er her det blir spelt. Etter planen er det nytt spel neste år, seier han.

Det beste

– Kva er det beste med å bu her?

– At Ole Magnus og Ole Kristian er her, ler ho. – Nei, eg føler meg veldig heldig at det var akkurat her eg vart buande. Det er så stille og rolig. Det einaste vi høyrer er fossen. Og så naturen rundt oss. Eg har slått røter og føler veldig sterkt at Bygstad er heime. Og så har eg ein familie og ein heim til i Norheimsund. Når vi reiser dit seier eg at vi reiser heim. Og så seier eg at no skal vi heim igjen når vi skal tilbake. Det vil aldri endre seg, smiler ho.

– Ein ting eg likar med Bygstad er at du ikkje er ”usynleg”. Du får ei kjensle av landsby: Du treff alltid kjentfolk på butikken.

– Vi har både sjø og fjell. Naturen er på eit vis lukka og open på same tid, seier Ole Magnus.

– Med nærleik til alt ein treng, anten det er fritidstilbod eller jobbmarknad. Vi bur utruleg fritt, samtidig som du får alt du treng i Førde, 20 minutt unna. Arbeidsstaden min er i Dale. og dit tek det 20 minutt, seier Hilde.

– Dale er ein flott stad, skyt Ole Magnus inn. – Eg gjekk på vidaregåande der. Dei har ein veksande jobbmarknad også, med Enoro i spissen. Og etter at Dalsfjordbrua kom, er vi komne nærare Askvoll også.

Ein ting eg likar med Bygstad er at du ikkje er ”usynleg”. Du får ei kjensle av landsby: Du treff alltid kjentfolk på butikken.

–Kvifor burde folk flytte til Bygstad?

–Du får bu landleg med nærleik til alt du treng, eit utruleg triveleg lokalsamfunn, og tilgang til ein stor arbeidsmarknad. Vi har ikkje gågater, shopping og kino, men kort veg dersom du vil oppleve slikt, seier ho og gjev eit råd til dei som flyttar til Gaular.

– Engasjer deg! Hiv deg med på ting, delta i aktivitetar, lag og organisasjonar. Same kvar ein bur får ein det mykje kjekkare då. Det er lettare å bli kjent med folk og delta i det sosiale livet i Bygstad, enn i større byar. Folk her er veldig opne. Reiser du ut døra blir du med på ting. Du kan ikkje vente at folk kjem og bankar på. Eg var sjølv aktiv. Og når eg trefte Ole Magnus fekk eg tilgang til hans vennekrins. Då eg flytta til Sande hugsar eg at dei eg møtte sa det var veldig lett å bli kjent med folk, så lenge du har ungar. Det var jo ikkje så positivt for meg då, ler ho. – Så eg byrja å dirigere barnekoret, med venninna mi, og vart med i Sande blandakor. Eg dirigerte barnekoret i fem år, så flytta venninna. No dirigerer eg blandakoret, fortel ho.

– Hilde er mykje meir aktiv enn meg. Eg har mykje å gjere her heime, spesielt etter at vi tok over garden. Eg var meir aktiv tidlegare. Då var eg med i Spelemannslaget og spelte i korps, sparka fotball og gikk mykje på ski og i fjella. Eg har gått mest på ski i naturen. Det vil nok endre seg når Ole Kristian blir større. Vi har jo Langeland skisenter, som er veldig barnevennleg. Så det blir det nok ein del turar dit. Eg dreivog Leikarringen i Bygstad i mange år. Då Ole Kristian kom til verda, vart det enno meir å gjere her heime, smiler han. – Men eg prøvar å vere med i Spelemannslaget når eg kan.

Ein koseleg kafé

Hilde fann alt ho trengte i Bygstad. Eller?

– Det einaste eg saknar her er ein koseleg kafé. Det saknar eg frå tida då eg budde i Bergen. Samtidig forstår eg at det er vanskeleg å få til ein slik kafé her i Bygstad, seier ho og smiler.

– Men det har byrja å dukke opp slike i Førde. Og så har vi fått ein på Sande: Mjølkerampen. Der blir det arrangert barseltreff. Eg har ikkje deltatt der enno, men eg skal, og det gler eg meg til. Kanskje eg skulle starte ein koseleg sommarkafé her i Osen, smiler ho.

– Om ein saknar noko, må ein kanskje gjere noko med det sjølv!