Det gode liv i Hestadgrend

Bilete av dei fire medlemene i familien på Nedre Kjelstad.

Mai 2016. Tekst og foto: Roy Sunde

På Nedre Kjelstad bruk i Hestadgrend i Sunnfjord har Ole Martin Lilleby (40) og Ingunn Kjelstad (38) saman med borna Mathea (10) og Peder (8) busett seg. Der lever dei det gode liv på landet.

Det valet er ikkje vanskeleg å forstå. Er du glad i det gode liv på landet, kan du knapt busette deg meir idyllisk. Gaular ligg i hjartet av Sogn og Fjordane, og Nedre Kjelstad ligg ”midt” i Gaularvassdraget. Garden ligg like ved Hestadfjorden, som litt lenger oppe blir delt i to av landtunga der vakre Hestad kapell ligg. På andre sida ligg Viksdalsvatnet. Følgjer du den Nasjonale Turistvegen like nedanfor garden kjem du til Gaularfjellet, etter å ha køyrt gjennom Fosseheimen. Tek du andre vegen følgjer du Gaularvassdraget ned til Dalsfjorden.

– Her har det truleg vore drive gardsbruk sidan 800-900-talet, med sikre kjelder frå rundt 1100-talet. Eigedomen sine ressursar har vore nytta berekraftig og forvalta til det beste for framtida og miljøet. I dag er vi ein familie på fire som er så heldige å forvalte ressursane. For oss er Kjelstad både heim, arbeid og ein stad vi hentar energi, fortel Ingunn.

Både Ingunn og Ole Martin er utdanna sivilagronomar. Ole jobbar i Statens Vegvesen, i prosjektleiinga av E39-utbygginga av strekninga Lavik-Skei (sjå også: Ledige stillingar i Statens Vegvesen). Ingunn jobbar med næringsutvikling i industribedrifta Hellenes i Førde.

Ville gje Vestlandet ein sjanse

Nedre Kjelstad er slektsgarden i Gaular som Ingunn vaks opp på. Ole Martin er derimot frå Austlandet.

– Ingunn vaks opp på garden, medan eg kjem frå Ås i Akershus. Vi busette oss først i Drøbak i Akershus, seier Ole Martin.
– Men eg ville tilbake til bygda og Vestlandet, og lokka han med meg, ler Ingunn. Dermed flytta dei til Nedre Kjelstad i 2005.

– På den tida har vi gått frå mjølkeproduksjon på ein tradisjonell vestlandsgard, til sauehald og nokre ammekyr. I tillegg leiger vi ut jaktrettar, samt at vi eig og utviklar Longeneset hyttefelt på eigedomen, med romslege hyttetomter i idylliske og rolege omgjevnader. Vi har òg bustadtomter nær vassdraget, midt i naturen, med gode naboar. Vi leiger ut til hjortejakt, og har aure i vatnet som ventar på å bli fiska, reklamerer han med glimt i auget.

Foto av ein saueflokk og familien Kjelstad. Fotograf er Roy Sunde i Fylkesmagasinet.

På garden på Nedre Kjelstad har Ingunn og Ole Martin sauer og nokre ammekyr.
(Foto: Roy Sunde, fylkesmagasinet.no)

Sju kilometer til Sande

Det ligg mange små grender frå Sande og heilt opp til Viksdalen. Hestad er ei av dei, og den er akkurat passe stor i følgje Ingunn og Ole Martin.

Vi har masse luft og natur rundt oss som vi trivst med. Samhaldet i grenda er godt og ein er saman på tvers av aldersgrenser. Alle kjenner alle, og miljøet er trygt og godt.

– Det bur cirka 70 innbyggjarar i grenda vår. Det er ikkje så mange born på same alder som våre, men akkurat passe med folk. Vi har masse luft og natur rundt oss som vi trivst med. Samhaldet i grenda er godt og ein er saman på tvers av aldersgrenser. Alle kjenner alle, og miljøet er trygt og godt. Vi bur sju kilometer frå Sande der miljøet er større. Der er det skule, barnehage, idrettstilbod og alt ein treng i kvardagen, fortel Ingunn, og seier det er mykje å gjere på i nærområdet.

– Det er alltid masse å gjere. Vi bur på gard med dyr. I tillegg er det ideelle forhold for friluftsliv og eit fritt liv. Det er lett å engasjere seg i lokalmiljøet i grenda, men også på Sande. Det er mange aktive lag og organisasjonar og kulturtilbod som er lett å engasjere seg i. Det er litt sånn at ein skapar det tilbodet ein ønskjer. Det fører til ein aktiv og god kvardag.

Det er mange flotte tilbod både i eigen kommune – og nabokommunane. Vi nyttar oss av idrettshallen og kunstgrasbana på Sande, og har ein flott sosial møteplass på kafeen Mjølkerampen. Når vi skal på kino, teater, konsertar og festivalar, reiser vi til Førde og til Åmot Operagard i Bygstad (sjå arrangementkalender for Sunnfjord og Ytre Sogn). Vi går langrenn på Langeland Skisenter, og køyrer alpint i Bjørkelia på Jølster, som er cirka 50 minuttar unna oss med bil.

– Er grenda dykkar ein sosial plass å bu, både for ung og gamal?
– Det er ein sånn plass ein kan vere så sosial ein ønskjer. Vi deltek aktivt i det som skjer, og vi skapar sosiale møteplassar når vi treng det. I Hestadgrend samlar vi oss typisk når det er 17. mai, jonsok, advent og jul, i tillegg til grendekveldar om lag ein gong i månaden. På Sande er tilbodet endå breiare. Alt dette kjem på toppen av vanlege arrangement i samband med skule, lag og organisasjonar.

– Det er ein sånn plass ein kan vere så sosial ein ønskjer. Vi deltek aktivt i det som skjer, og vi skapar sosiale møteplassar når vi treng det.

Foto av familien frå Nedre Kjelstad på skitur på langrenn på Langeland Skisenter. Privat foto.

Familien Kjelstad Lilleby nyttar naturen mykje. (Foto: Privat)

 – Kom til Gaular – no!

– Kvifor burde folk flytte hit?
– For å finne roen i naturen og leve i eit trygt og godt miljø. I tillegg er arbeidsmarknaden i Førde, Fjaler og Høyanger relativt brei og god, seier dei.

Gaular er ein flott plass å bu. Akkurat passe stort, og med mange flotte folk. 

– Vårt råd til dei som går og lurer på om dei skal flytte til Gaular er enkelt. Flytt hit! Gaular er ein flott plass å bu. Akkurat passe stort, og med mange flotte folk. Engasjer deg i lokalmiljøet, så vert du fort kjent med mange. Nytt deg av dei flotte turmoglegheitene, og opplev skog og fjell og vassdrag. Vi kjem faktisk ikkje på noko vi skulle ønske var betre i grenda vår. Det er ingenting vi saknar. Og er det noko vi skulle sakne, ja så skaper vi det sjølv!

– Kva er det beste med å bu slik de gjer?
– Vi bur i ei flott grend, med natur og Hestadfjorden rett utom døra. Og har fridommen utan hus tett innpå oss, samtidig som vi likevel har nære naboar. Og så har vi nærleik til gode tenester på Sande. Vi nyttar oss av idretts- og kulturtilbodet, samt service- og handelsfunksjonar både i eigen kommune og nabokommunane. Og ikkje minst vi har vi ein god arbeidsmarknad, innan kort avstand: Førde, Dale og Høyanger, seier ho.

  • For ledige jobbar, sjå: Jobb

Legg sjølv til rette for fleire naboar

Paret har faktisk gjort ein innsats for å auke folketalet i grenda også, ikkje berre ved å flytte heim med sine eigne born.
– Det starta med at vi omregulerte eit gamalt hyttefelt. Då fann vi ut av vi like godt kunne regulere nokre bustadtomter også, slik at det finst tomter for dei som ønskjer å bu litt meir landleg enn i eit byggefelt. Feltet ligg ned mot Hestadfjorden, i nær tilknyting til det verna vassdraget. Bade- og fiskehøve er rett utanfor døra. Naturen er ei perle i Fosseheimen, og det finns ikkje liknande tomter, seier Ingunn og smiler.

Om du har lyst til å oppleve og nyte naturen og livet her, så kan vi hjelpe deg med det.

– Hestadgrend er ei perle langs Fosseheimen og Gaularvassdraget. Dette deler vi gjerne med andre. Om du har lyst til å oppleve og nyte naturen og livet her, så kan vi hjelpe deg med det. Vi leiger ut til jakt på hjort og småvilt, samt aurefiske i Hestadfjorden, seier Ole Martin.

Bilete av Peder Kjelstad Lilleby som sjekkar løypekart. Privat foto.

Peder Kjelstad Lilleby sjekkar løypekartet. (Foto: Privat)